Dette IKEA- skapet er opprinneleg med gjennomsiktige dører i plast.
Noko som ikkje er særleg dekorativt, når innholdet inne i skapet ikkje er så pent ;)
Eg har pimpa det ein gong før ved å teipe på gåvepapir. Men dette vart ganske så bølgete etterkvart, og papiret var ikkje så fint likevel synast eg.
Eg har lenge sett etter tapet som eg kunne dekorere det med.
Og då eg fann ein rull med tapet til 10 kr på loppis,
ja då var det ikkje noko å lure på lenger ;)
Sidan eg ikkje er av den mest tålmodige typen,
brukte eg rett og slett ei limstift å feste tapeten med (hadde ikkje tid å reise å kjøpe tapetlim, for når eg har ånden over meg, skal det skje med ein gong ;) Det festa seg godt, så eg håper det held seg slik.
Planen er å skifte ut heile skapet med tid og stunder. Men fram til då er
eg fornøgd med dette ;)
Sofus (katten) var med på heile tapetseringa,
med ein voldsom iver skulle han fange både tapeten, hendene mine og limstiften.
Hehe, han er jo berre søt då ;)
Den blå stolen har endeleg funne plassen sin i gangen.
Eg synast den var kjempefin mot den blomstrete tapeten. Og så er det veldig
greit å ha ein plass å sitte der :)
Eg har ein kommode i gangen i same serien som skapet, den skal og tapetserast.
Men eg gjekk sjølvsagt tom for lim (grådig irriterande) Det gamle skapet eg viste
i eit tidlegare innlegg skal også vere i dette rommet.
Dette er under oppussing, og det
blir så fint!!;)
Til slutt vil eg gjerne be dei som vann Give Away her hos meg,
om å gje meg ein lyd viss premiane ikkje har komt fram i posten. Slik at
eg kan få ordna opp i dette:) Epost:
husetvedfjorden@hotmail.com
Eg ønsker deg ein strålande søndag!
Klem frå Bjørg :-)